KAIEN I FØRDE
kafé | kultur | bar
Velkomen til Kaien Café
Kaien Café ligg idyllisk til heilt nede ved sjøen i Førde, Sveio kommune. Her kan du nyte god mat, vakker utsikt og ei roleg atmosfære – anten du kjem innom for sundagsbuffé, komletorsdag eller eit arrangement.
Opningstider
Til vanleg held vi ope kvar sundag og heilagdag frå kl. 13.00–17.30.
Den første torsdagen kvar månad inviterer vi til komletorsdag frå kl. 14.00–18.00.
I veke 27–32 held vi ope kvar søndag med sundagsbuffé og kvar torsdag med torsdagskomla.
Arrangement gjennom året
Gjennom året inviterer vi til pubkveldar, quizmeisterskap, oktoberfest og vår eigen festival med musikk, salgsboder og familieaktivitetar.
Kaien skal vere ein møteplass for både fastbuande, hyttefolk og tilreisande.
Leig lokale hos oss
Du treng ikkje berre kome innom når vi har ope. Lokalet kan også leigast til mindre møter, kursdagar, minnesamvær, bryllaup og andre begivenheiter.
Vi har plass til om lag 80 sitjande gjester inne og 40 sitjande ute.
Her finn du oss
Du finn Kaien Café på Tingvegen 74, 5555 Førde i Sveio kommune.
Rett i nærleiken finn du Rex Garden, Førde-stranda med leikeplass og volleyballnett, samt Gjenbruksløa.
Kontakt oss